
Dag Tjemsland web site
«Laudate omnes gentes, laudate dominum...» Den firstemte lovsangen sig stille inn i alle krokar av Paulus kyrkje liksom et teppe av fin røykjelse. Kristus kastar sitt gylne lysskin frå eit ortodoks ikon oppe ved altarringen. I skumringslyset blafrar lystunger frå små telys oppover dei runde og raude murveggene. Desse lysa rundt ikonet blir eit bilete på Kristus og Kyrkja. Sjølv om han er der i lys som i mørkre, blir ikkje Kristus på ikonet synleg for oss som sit rundt, utan lysstrålene frå dei små lysa - liksom våre vitnesbyrd i liv og lære kastar lysstråler på Meistaren sjølv. Men kor sterkt og varmt telysa enn brenn, skin det gulldekka måleriet kraftigare og djupare.
Etter den halvtime lange bøna etter Taizé-mønster, trekk vi bakerst i kyrkjeromet til dialogstunda med ulike innleiarar. Og borddekking som tek omsyn til dei mange helse-medvetne livsvandrarane: Kyrkje-frukt.
Terskelen til Paulus kyrkje på Grünerløkka i Oslo er låg. Så låg at du kan gå rett inn frå gata og inn i kyrkjerommet. Eit slags sakralt siderom til Birkelunden park utanfor. Torget og Katedralen. Denne jordkjensla set sine merke i miljøet på Forumsamlingane på Emmausveien. Her kjem folk med bakgrunn i hinduistiske gururørsler, pinsevener, katolikkar, fargehealere, shamanar, Kabbalah-interesserte, kvasi-buddhistar, og liknande religiøse omstreifarar.
Nokre er særleg inviterte til å fortelle om det landskapet dei har vandra omkring, og den utsikten dei nå har omkring seg. Andre kjem fordi dei treng utfordringar i sitt religiøse, og dermed totale, liv. Nokre vil kanskje vera deltakarar på ei liturgisk handling i kyrkja for fyrste gong på mange år. Andre igjen kjem fordi dei trur dei endeleg skal få oppleve synkretisme og pastell-toleranse frå kyrkjelege New Age-profetar. Dei som har vore her før veit at dei vil vera deltakarar, ikkje tilskuarar, i ei utveksling av kunnskap, tankar, draumar, kjensler, røynsler og spontane reaksjoner på spørsmål som rører ved det aller djupaste hjå menneske som ser med opne sansar og reflekterer over sin uvisse livssituasjon:
Har eg levd før, eller er mitt liv nytt og unikt? Kva skjer når eg døyr? Er Guds kraft immanent i alle levande skapningar? Kan menneske frelsast i andre religionar? Kan eg tru på lækjedom ved tru? Eksisterer chakra-systemet? Kva er likt og ulikt med kristen og nyreligiøs form for bøn? Kva konsekvensar får livssynet for levd liv?
Eit litt humoristisk eksempel på ein fruktbar dialog:
«Vi i Hare Krishna-rørsla opplever denne jordiske eksistensen som eit liv fyllt med smerte og illusjonar - Maya. Samstundes gir dårlige gjerningar i dette livet og tidligare liv energi til livshjulet sin gange som fører til at ein blir født igjen og igjen. Derfor blir det eit poeng for oss å prøve metodar som kan sette ein stoppar for gjenfødsels-syklusen.
«Det står i sterk kontrast til den kristne trua på livet i den naturlege verda som ein fantastisk gave. Ja, så fantastisk at vi set vårt håp til at det som byrjar her skal forsetja i ein herleggjort form inn i all æva.»
«På den måten kan ein kanskje ha grunn til å misunne dykk for å tru at ein bare blir gitt eit liv. Det gjer jo livssmerta mindre og gir sjela si trengsel kortare tidsperspektiv, medan vi må leve med at smerten vil gjenta seg i liv etter liv.»
Ved å bli konfronterte med så ulike menneske og livssyn som både provoserer negativt og utfordrar positivt, skjer det noko med vår haldning til annleis truande og levande. For ein blir jo minsanten glad i desse søkarane, det utviklar seg eit personleg forhold. Det fører sjølvsagt til glede over å oppdage elementer i tru og liv som sameinar. Men skal ein vera ærleg mot sine kjelder og sin tradisjon, vil ein djuptgåande prat også avsløre forskjellar og skiller. Men det er med smerte og sorg ein oppdagar desse skillene, ikkje med skadefryd og sigerslyst over å vinne diskusjonar.
Ein god dialog er som eit gamalt eikehjul. Eikene i hjulet er ulike og skilde frå kvarandre, kvar som ein. Men dei støytar seg på den same aksen, og dei held opp den same hjulkransen som får hjulet til å avansera på den strekninga som ligg føre. Utan kvar og ein eike på rett plass, fell hjulet saman, det blir ingen kontakt mellom akse og hjulkrans, og det ruller ingen stad hen. I dialogen er utspel og motspel eiker i eit større spel. Ingen tanke og ingen identitet vil vera den same etter eit ærleg forsøk på å lytte, på å forstå, og på å prøve å formulere sine eigne ting. Og vegen hjulet skal gå er dette livet som vi trass alt må leve saman i, og som krever eit stort innslag av sams handling. Kva mål dette hjulet så har, sjå, det ansvaret ligg jo på den som styrer hjulet...